MONGOLIA, HER ER VI!!!

Ja, då har me endeleg fått losa oss inn på NLM sitt gjestehus her i UlaanBaatar, og det er rett og slett konge! Me kom fram hit i dag tre tida på dagen (lokal tid, dvs sju, åtte tida om morgonen heime i Noreg). Då hadde me vore på reise særs lenge, og hoppa over natta på veg til Kina, so me kan trygt seie at me mildt sagt var (og framleis er) trøytte! For når me satt oss på flyet frå Helsinki var kl 1700 og då me kom fram tin Kina var den 2400. Dette i norsk tid sjølvsagt, men sidan me må stille klokka når me er på reisefot, dukka det plutseleg opp frukost til oss på flyet. Klokka i Kina var då 0630. Dette førte rett og slett til forvirring blandt oss 🙂

Elles so tusla me rundt på den ok store flyplassen i Beijing, og det kan jo nemnast at denne flyplassen var bygt ny til OL i Kina i 2008, so det kan trygt seiast at det ikkje var småtterier me kom til. Endeleg framme i Beijing!!

So tok me fly vidare til UlaanBaatar og den turen tok omlag 2-3 timar, der heile gjengen låg med halv opne munnar og snorka søtt. Skal nå seiast at dette flyet gjekk midt på dagen, så resten av passasjerande var lys vakne. Det var ikkje så særleg vanskeleg å sjå kven som var turistar for å seie det slik.

Litt tidsfordriving på flyplassen, med ein del forbipasserande som smilte og lo ....

So kom me fram til UlaanBaatar, ei nokså stor by, med MYKJE forureining. Den ligge fint til i eit steppelandskap, men det ruvna nokre fjell i bakgrunnen. Her blei me møtt av misjonærfamilia Hugdal og me fekk kome heim til dei og ete graut (!!). Ein fantastisk god norsk graut! Det var konge!UlaanBaatar

So var det å kjøyre opp hit eg sit i skrivande stund, og losje oss inn. Og me må berre fortelje om den utrulege bilturen me hadde. For trafikken her er heilt VILL!!! Her er  noken reglar, men det verkar som om ingen brukar dei, og folk tuta og kjøyre på, og tenke berre på seg sjølv. Og om rattet er på høgre eller venstre side er visst ikkje so nøye. Me opplevde også at folk kræsja rett foran oss, og at bilførarane byrja å slost, so her er det rett og slett villt! ( Eller gildt, som Rikard sa! )

Me har eigentleg berre chilla i stova og venta på at klokka skal nærme seg 2100, sann at me kan legge oss og sove ut. Skal nå seiast at noken av oss ( Sverre og Tomas) har tatt seg ein smakebit på dette allereide. Me har jo òg fått tatt oss ein etterlengta dusj, noko som me alle trengte. Og det var særs godt, sjølv om varme vatnet kom og gjekk som det ville. No har me nettopp ete kvelds, og me er alle på tur i køya.

Categories: Uncategorized | 3 kommentarar

Innleggsnavigasjon

3 thoughts on “MONGOLIA, HER ER VI!!!

  1. Dag Erik

    Kjekt å lese om turen så langt, gleder oss til å følge dere! Takk til dere vi fikk være i lag med på kortkurs, og kjempetakk for all barnepass – det var virkelig til hjelp for oss småbarnsfamilier som da fikk med oss mye god undervisning! God tur, pass godt på Joffen og Ingvaldsen, og ta med dere mange misjonsinntrykk hjem til Norge. Vi ber for dere – Dag Erik (eks-Fjellheimlærer)

  2. Karin Ulli

    Konge at dere har det bra så langt! Jeg og Alise har stor tro på at dere får en aaawesome tur 😀 Ingen mageproblemer enda? Si fra når dere begynner å savne maten vår 🙂 Håper de er like gode på grøt som vi er. Jaja. Vi skal spise fisk nå vi 🙂 Vi ber for dere også 🙂 Stor klem fra Alli og Ulli 🙂

  3. hehe, nei ikkje noken problem enda, men me ska kje sjå vekk i frå at det kjeme .. 🙂
    Grauten va faktisk veldig god, men me sakna dokke då 🙂 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

Lag ei gratis nettside eller ein blogg på WordPress.com.

%d bloggarar likar dette: