Skulebesøk

Dagen i dag har vært helt fantastisk! Det har gått i ett hele veien egentlig. Vi startet dagen med bibelgruppe og gikk igjennom 1. kor 1. Her ligger det mange skatter skal jeg si deg. En liten time etter bibelgruppen sammen med Ingvald som leder for gruppen, så gikk vi ned på «kontoret» der hvor vi fikk innføring av Silje (som jobber her i Mongolia). (So vart Tanita tom for skrivelyst, og Hanna tek over). Silje fortalde oss om sosialprosjektet som NLM driv her i Khovd med fire ulike hovudaktivitetar, blant anna skuleinternat og trening sosialarbeidarar. So fekk me lov til å delta på ein konkurranse i å pusle puslespel. Tomas, Jofrid og Hanna vann!

Høg konsentrasjon under puslinga

Intens kamp om seieren...

So fekk me fare til ein vanleg offentleg skule, der NLM er ein av organisasjonane som er med på å betre dei sosiale forholda til elevane. Me fekk treffe ein gjeng speidarar på skulen som lærte oss ein leik.

Vi i lag med speidarane

Leiking med speidarane på skulen

Etter lunsj køyrde me omlag ein halv time, på ein veldig hompete veg, til Boyant (eller noko sann) og fekk besøke eit skuleinternat der. Det var det veldig mange skjønne elevar, som var veldig nysgjerrige og kontaktsøkande. Me fekk sjå på levevilkåra deira, noko som i forhold til andre skular her var veldig bra, og so fekk me vere med på å spele og leike med dei. Det var rett og slett kjekt!

Me fekk lære oss to tradisjonelt mongolsk spel med brikker av knoklar. Dette var "hesteløp".

"Pip-pip-Waow-woaw" leiken slo godt ann blandt ungane... Her er Sverre på jakt

So kom me tilbake til Khovd i fem-tida og brukte resten av dagen slik me sjølv ville. Me skulle eigetleg på allidrett i kveld, men det vart avlyst ettersom gymsalen var opptatt pga. den store dagen i morgo; næmmeleg kvinnedagen. Kvinnedagen er visst veldig viktig her i Mongolia og alle butikkar er stengde og har fri for å pleie kvinnfolka, so det vert spennande å sjå kva gutane vil finne på for å herdre oss i morga. Me ventar i spenning….

 

Bilder frå skuleinternatet

Ein hærleg gjeng!

Tomas var populær blandt damene...

Agnete og Sigrun saman med jenter frå skuleinternatet

Tanita og Hanna saman med jenter frå skuleinternatet

Categories: Uncategorized | Kommenter innlegget

Innleggsnavigasjon

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

Blogg på WordPress.com.

%d bloggarar likar dette: