Ja, då er enda ein dag over her i Khovd, og det har vore ein veldig kjekk dag. Me har vore på den norske skulen (DNS) og sett korleis elevane har det der. Her er det berre tre elevar for tida, men det verkar som at dei har det berre bra. Me fekk sjå litt bilder av kva dei har gjort på skulen siste året og so spelte me saman med dei. Etter ei stund på skulen gjekk me alle saman til ein utsiktsplass der me fekk god utsikt utover heile byen. Så hadde me litt fri der me slappa av, spelte kort eller leika med ungane. Klokka fem stakk me til Silje Ødegård og fekk middag, ei nydeleg god fiskesuppe, og til dessert fekk me kanelbollar. Då klokka var sju var det møte hos familia Jonasmo, der alle dei norske i Khovd var samla og etter på fekk me kveldsmat der. Etter ein del prat og kos tusla me oss heimatt til leiligheita, og no sit me att ein gjeng her og ventar på natta. Kan nå seiast at her både har vore vannkrig og kiling i høg grad! For ikkje å snakke om navleprat. Offa då.
Hey, dere må signere innleggene (værsåsniiill?) 🙂
me kan prøve å få til det ja 🙂 men alt som vert skrive på Nynorsk er Hanna som står bak 😉
Jeg er så imponert over hvor flinke dere er til å oppdatere, og det er så utrolig gøy å lese hva dere har opplevd! Ønsker dere alt godt og Guds velsignelse over reisen videre. Tenker masse på dere 🙂
Klem til alle sammen fra Kajabarn på kontoret :)))
Å, Kaja, me saknar deg! Tenkte på at du skulle vore med på ulvejakt i går, det har vore so konge! Glede oss til å sjå dej att i April 🙂 Kos deg heime 🙂