Eit døgn i ger i Tereli (Terelch)

Ja, då er me endeleg komne tilbake til NLM-bygget her i UB. Øystein Sunde sangar ljoma gjennom rommet, og kortspelet «Idoitot» er populært. Dumt at det går litt dårleg for noken (les: Sverre).  Men uannsett so har me hatt det veldig, veldig bra dei siste to dagane. I går vart me henta her i UB av ein 12-setar hunday ( Huynday), og me kan vel trygt seie at med 12 personar vart det veldig, veldig fullt i bilen. Etter å ha kjørt ut til eit utsiktspunkt utanfor UB, so la me i vei mot ei Djengis Khan statue. Veien dit var mildt sagt humpete. Det var faktisk berre heilt ekstremt! Ikkje meir klaging på norske veier her iallefall.  Og når veien frå før av var humpete og sjåføren ikkje tek litt hensyn, hjalp det heller ikkje på å sitte heilt bakerst. Me kan vel seie at humøret ikkje var heilt på topp då me kom fram til den enorme statua, og eg trur guidane på bronsemuseumet var sjokkert over kor lite interessert me var i gamle bronse-ting. Trur me satt rekord i raskast museumbesøk.

So la me ut på veien igjen, og me fekk atter ein gong trena tålmodigheitsmusklane våra. Etter ein laaang tur med kronisk hopping heile veien svinga sjoføren endeleg inn på ein grusvei, der fekk me sjå på ei stein, som vistnok likanar ein skilpadde. Og sidan me ikkje hadde den beste dagen, var det berre eit kort stopp. Bilen humpa vidare, og lettelsen var stor då den endeleg tok av inn på ein grusvei og noken gera (ger=mongolsk hus) dukka opp. Me var framme der me skulle tilbringe dei neste 24 timane.

Maten me fekk der skal me iallefall ikkje klage på. Til lunsj i går fekk me ein tradisjonell mongolsk rett, som bestod av potete (!!), gullerøtter og kjøt, kokt saman med nokre steinar, slik at det kom ein røykt smak på maten. Veldig god, minnte oss litt om fårikål, utan kål sjølvsagt. So til kveldsmat fekk me kjøt i ein brun saus, som og smakte godt. Det spesielle her var at der plutselig låg sjøgras på tallerkenane våre. Merkelig samansetning. So til frukost i dag fekk me stekt pølse og salat, ikkje verst det heller, før me avslutta med noke pasta til lusnj, pluss ei god suppe. Me leid ikkje nød på dette punktet iallefall.

So var det klart for hesteridning. Me fekk oss kvar sin hest, og daffa i vei. Men det varte ikkje lenge før at me fekk mima til guidane at me ville ride fort. Og når me då fyrst byrja å galopere, var det nesten umogleg å stoppe oss. Og hestane vart berre meir og meir ivrig, akkurat slik som rytterane. Me fekk heldigvis ta oss ein tur til i dag, og kan vel trygt seie at det ikkje gjekk seinare idag. HÆRLEG! Rett og slett! Det var ein gira gjeng som kom tilbake til gerane.

So må me sjølvsagt snakke litt om do, her også. ( Ingvald masar alltid om at me er ekstemt flinke til å ta opp dette temaet, spesielt rundt matbordet ). Me hadde valget mellom mange do, men kan ikkje sei at det var noko særleg å skryte av. Det hjalp heller ikkje at doa stod over eit 4-5 meter djupt hull, og fjølene som var over ikkje var heilt pålitelege. Skummelt til tider.

Før me la oss hadde me ei lita song stund, der me sang saman og delte frå Guds Ord. Veldig godt å sitte isolert i ein ger, langt frå livet kjas og mas og samlast om Bibelen.

So vart det kvelden, og me hoppa til køys i dei tre gerane me hadde leigt. Eller hoppa og hoppa, senga var mildt sagt hard. Veldig hard. Tempraturen var heilt flott, men utover natta hadde Sverre «kommunisert» med fyringsvakta at det ikkje var nødvendig å fyre i deira ger, men det vart tydelegvis tolka som at det ikkje var nødvendig å fyre i noken av gerane. Og me jentene orka ikkje å stå opp i det kalde rommet, so me fekk ein kald opplevelse av gerlivet. Men men, me leid ikkje noko nød.

This slideshow requires JavaScript.

Categories: Uncategorized | Kommenter innlegget

Innleggsnavigasjon

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

Blogg på WordPress.com.

%d bloggarar likar dette: