Siste dag i UB

Ja, då har me snikt oss ned på gjestehuset her på NLM, og stjele oss litt datatid. Me må berre beklage lite blogging og få bilder frå den siste tida, men eg (Hanna) er blitt totalt overbevist om at dataen og internettet her likar meg særs, særs dårleg. I tillegg har me flytta oss ut frå NLM huset og opp på eit mindre kristent gjestehus litt lenger og høgre oppe. Dit flytta me opp på mandag, og då har me heller ikkje hatt Internett, so det forklara litt kvifor det har vorte slik det har vorte.

So kva har hendt sidan sist? Me var altso det på bryting på søndag, og det var veldig kult. Omlag 200 deltakarar som braut mot kvarandre to og to, der vinnaren gjekk vidare. Slik gjekk det til det berre var 2 igjen. Veldig spennande, men veldig, veldig varmt!

Bilde: Brytekamp søndagskveld

Mandag var den store flytte dagen, og me forflytta alle vore ting og tang opp på det andre gjestehuset. Etterpå var me på besøk på ulike tovefabrikker, og me fekk sjå korleis dei fantastiske toveprodukta me har kjøpt oss vert produsert. So var me inn på ein kristen Cafè, der me åt lunsj. Og eg trur eg kan seie at alle likte seg særs godt der. Det var ei slik god stemning. I tillegg traff me ein nordmann der!! Som ikkje var misjonær, men som var på reis. Det var veldig kult. Etterpå var me på leiketøysmuseum, og fekk sjå på ulike leiker opp i gjennom tidene, og teste litt om me har IQ. Veit ikkje heilt om me stod på den prøva eller ikkje…

Bilde: Frå Operaen me var på, på laurdag; Carmen

So ha me fri, og me kan vel seie at pengane forsvinn lett her på marknadane. Og om kvelden stakk me på restaurant og åt hårsjår ( Norsk stavemåte), som var frityrstekte boots (båts). Veldig godt, men enorme posjonar! Servitørane lo godt av oss, for å sei det sann.

Tysdag var det opp og stå, for so å vente på  bilane som skulle frakte oss til Hustai, ein nasjonalpark der me fyrst fekk oss fire-retters-middag og til og me fekk sjå villhester. Det var jo litt kult. So når me kom tilbake og åt på irsk restaurant, og me kan vel seie oss godt fornøgde med den maten.

Bilde: Villhestar!

So vakna eg i dag tidleg klokka 0800, av at sola skein inn på rommet mitt. Himmelen er knall blå og sola skin, ei fin avslutning på reisa her i Ulaanbataar (UB). Me har hatt heilt fri i dag og me kan vel seie at me teke det heilt me ro. Nokon stakk på masasje og manekyr, medan andre prøver frebrilsk å få med seg alle tinga i kofferten. I kveld skal me vere med på eit ungdomsmøte og so skal me ut og å ete eit lite avslutningsmåltid.

I morga tidleg skal me grytidleg opp. Må reise frå huset i halv seks tida og toget går klokka sju. So skal me sitte på det toget i 30 timar, før me inntek Beijing. Der skal me vere i 5 dagar og berre kose oss. Me er litt usikre på om me får blogge der, for me veit at i allefall facebook og hotmail er sperra. Men me får sjå. Kanskje kjem det fleire innlegg, kanskje ikkje. Me skal uannsett legge ut bilder når me er tilbake til Noreg. Under program oppe på sida, ligg der info ang Kinaopphaldet.

Men no skal me stikke til byen og nyte fineveiret og siste stunda i UB. Må berre tilføye at i gårkveld klokka 2100 var det 0 grader ute, so me har det berre bra! Me har vore litt småsjuke av forkjølelse og influensa, men elles er alt bra. Klare for ei veke med avslapping i Kina, før me endeleg kjem heim til Noreg.

Kjære alle foreldre: Kjøp inn ekstra mjølk når ungane kjem heim, og for all del ikkje lag til noko mat med lammekjøtt i.

Categories: Uncategorized | Éin kommentar

Innleggsnavigasjon

One thought on “Siste dag i UB

  1. Kajabarn

    Å, det er så fantastisk å lese om alt dere opplever! Og nyt hvert sekund av togreisen også, den er fantastisk!! 😀 Kos dere i Kina! I fjor fikk vi ikke til å blogge derfra, så jeg er redd dere ikke får det til heller.. Men da har dere jo masse tid til å gjøre andre ting! 😀

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

Blogg på WordPress.com.

%d bloggarar likar dette: