Ja, då har me inntatt Kina, nærmare bestemt Beijing. Me tok toget frå UB til Beijing, og vart skvisa inn på noken trange sovekupèa i omlag 30 timar. Det gjekk beidre enn det en skulle tru, sjølv om det var trang og veldig, veldig varmt! Men då me endeleg kom tøffande inn på stasjonen vart me møtt av vår fantastiske guide, James. Me reiste innom «Himmelens Tempel», der me fekk sjå noko av avgudsdyrkinga som finst her i landet. I tillegg fekk me sjå på dei ville byggverka og det enorme området. Heile plassen var 2500 mål. Altso ganske stort. So kom me fram til hotellet, Traders Hotel, midt i kjerna av Beijing. Nabobygget vårt er foresten det høgste bygget i Beijing. Om kvelden kom det skreddar til rommet, og me har alle bestillt oss skreddarsydde dressar eller kjolar.
Det var mildt sagt fantastisk å få ta seg ein god og varm dusj, og so slenge seg ned på ei god, god seng. So var det opp å stå og teste ut den ville frukost buffèen som er her, og noken av oss klarte å presse i seg litt for mykje, so ein blei litt slakt etterpå. Men me har ikkje tid til å legge oss ned her, for «den himmleske fredsplass», «det kinesiske parlament» og «den forbudte by» står ikkje til evig tid. Heilt vilt å sjå desse enorme bygningane og områda. Om kvelden var det klart for KungFu-show, og det var mildt sagt kult. Heilt sjukt at menneskekroppen kan få til alle desse bevegelsane.
So var den store dagen komen, og den kinesiske muren venta. Me satt oss i bilen og kjørte ut av Beijing. På veien stoppa me å såg på noken vasefabrikka, der alt vart gjort for hand. Det var veldig spesielt og kult å sjå, men hendene og føtene kribla etter muren. Då me endeleg stoppa bussen, var me klare for å utforske den. Dagen var nydeleg fin, med sol og blå himmel og nesten vindstille. Me tusla (evt jogga/sprang) opp og ned muren, og det skal seiast at det er kult å ha vore der. Men det merkelegaste av alt, er at sjølv om muren var der, den fantastiske kinesiske mur, so vart faktisk me, dei rosa og kvite nordmennene, den største turistattraktsjonen opp igjennom trappene. Mange folk ville ta bilde saman med oss, andre lo og peika på oss, mens andre prøvde å sjule smilet og kamraet. Det var veldig kjekt dei fyrste 10 personane, men alt etter det vart berre travelt.
No er timen komen!! To skreddarar dukka opp på døra, med dei nesten ferdigsydde kjolane og dressane. Kult!
Foresten, so et me sjukt mykje kinamat her, minst ein til to gangar dagleg, so me kan vel seie at det byrjar å bli nok. Og so må me berre snakke om veiret litt. Me er so heldige med veiret! Sola skin frå knall blå himmel og det er ein 15-20 grader pluss, so me har fått litt farge. Rosafarge då, men farge er farge!
Beklaga eit litt rotete innlegg og ingen bilde, men me får ta att det når me er trygt heime i Norge.