Uncategorized

En uke har gått!

Idyll!

Nå har vi vært på tur i en uke, det har gått rimelig fort på ett hvis, men samtidig sakte. Kan trygt si at vi har fått lov til å være med på veldig mye spennende fram til nå. I går kjørte vi to biler til en plass utenfor Erdenburen, der en ger familie bor.

Gjengen klar for en to-timers tur på en mildt sagt hompete vei!

Først var vi innom en liten landsby (Erdenburen) der Dawka, en mongoler i menigheten her i Khovd, har bodd en liten periode og vi fikk se litt på en kirke som er der. Lokalet var veldig slitt og den skal pusses opp, i håp om at de kan få bruke den til høsten.

Geren vi var på besøk i. Familien hadde sauer, geiter og hester, og vi var veldig heldig for det var nettopp kommet mange killinger og lam..

Vi ble godt tatt i mot av familien som bor litt utenfor Erdenburen. En søt familie på 8 (to av barna går på internatskolen, så de var ikke der da vi kom i går).  Første møtet med ger-familien var serveringen av melke-te. En te som har en smak av salt, te og melk. For noen av oss gled den lettere ned enn for andre. Vi kan med andre ord si at det ikke var super godt, i alle fall ikke i store mengder, men drikkbar? Så absolutt!!»

Etter en liten stund kom Dawka inn i geren og spurte om det var noen som ville ri på hestene de har. De hadde tre hester som vi alle fikk prøve på en rolig skritte-tur sammen med Dawka eller Sondre. Etter den turen tenkte vi;  jaja det var det. MEN. nei da! Da alle hadde prøvd en gang, sto hestene klare for bruk til de som ville. Uten hjelm og med «ok» saler. Vi fikk ri hvor vi ville, når vi ville over de lange slettene rundt om. Helt fantastisk! Noen av oss tok helt av på disse turene rundt. Man kan si at vi merker det godt i både lår, rumpe, skuldre, hender og ryggen i dag. Stønning og huffing har vært de mest brukte ordene i dag.

Tomas fant seg en venn

Jofrid har funnet seg en kar..

Sverre utfordret den lokale mesteren i bryting

Rikard ville også prøve

Kanskje vi skal si noe om mulighetene for do-besøk. Det er ikke så vanlig å beskue skaperverket uten rammer, bokstavelig talt.  Utsikten var  ikke noe å klage på. Ikke hver dag man sitter/står i stjernekinn på do. Meget vakkert og kaldt, og lite hygenisk. Antibac, er en fin ting  🙂

Ut på ettermiddagen fikk vi servert noe så fantastisk som «Buuz» (uttales bååts).  Vi har hørt mange forskjelige kommentarer om denne matretten, men vi kan ikke si at noen av de infridde. Det var rett og slett fantastisk. Bare spør guttene som slukte maten, tror de synes det var godt! De spiste nesten 20 stykker av disse hver! «Buuz» inneholder da sauekjøtt og løk, rullet inn i deig. Det høres kanskje ikke så godt ut, men det var det absolutt.

De mongolske stepper så langt en kan se. Stjernehimmel og en stigende måne som enda er rød. To fulle Land Cruisere. To rifler. Ladd. Blikk på søken etter glimtende øyne i mørket!  Femten ungdommer midt i sentral Asia på jakt etter den fryktinngytende ulven. Spenningen er på topp når vi legger ut fra leiren i hver vår retning. Vi skiller lag for å øke sjansen på treff, med skarpblikket på og ivrig i søken, kjører vi rundt med tusenmetringer for å finne bytte. Spenningen i bilen er til å ta og føle på. Det er stille, litt for stille. DER!! To røde lysglimt. Tette. I bevegelse. Borte. Pulsen øker. Tiden står stille. Skytteren  tar ladegrep. Kan det ha vært ulv? Sikkert bare en kamel. Nei, der var det igjen. De stirrer mot oss, før det forsvinner. Skytteren ligger ut av vinduet, klar til å skyte. Vi svinger billysene mot der vi så den sist. men den er og blir borte. Vi så aldri noe mer av dyret, men den lokale sauegjeteren sier at det med stor sikkerhet var ulv.

Categories: Uncategorized | 3 kommentarar

På besøk på den norske skulen

This slideshow requires JavaScript.

Categories: Uncategorized | Kommenter innlegget

Torsdag

Ja, då er enda ein dag over her i Khovd, og det har vore ein veldig kjekk dag. Me har vore på den norske skulen (DNS) og sett korleis elevane har det der. Her er det berre tre elevar for tida, men det verkar som at dei har det berre bra. Me fekk sjå litt bilder av kva dei har gjort på skulen siste året og so spelte me saman med dei. Etter ei stund på skulen gjekk me alle saman til ein utsiktsplass der me fekk god utsikt utover heile byen. Så hadde me litt fri der me slappa av, spelte kort eller leika med ungane. Klokka fem stakk me til Silje Ødegård og fekk middag, ei nydeleg god fiskesuppe, og til dessert fekk me kanelbollar. Då klokka var sju var det møte hos familia Jonasmo, der alle dei norske i Khovd var samla og etter på fekk me kveldsmat der. Etter ein del prat og kos tusla me oss heimatt til leiligheita, og no sit me att ein gjeng her og ventar på natta. Kan nå seiast at her både har vore vannkrig og kiling i høg grad! For ikkje å snakke om navleprat. Offa då.

Categories: Uncategorized | 4 kommentarar

Skulebesøk

Dagen i dag har vært helt fantastisk! Det har gått i ett hele veien egentlig. Vi startet dagen med bibelgruppe og gikk igjennom 1. kor 1. Her ligger det mange skatter skal jeg si deg. En liten time etter bibelgruppen sammen med Ingvald som leder for gruppen, så gikk vi ned på «kontoret» der hvor vi fikk innføring av Silje (som jobber her i Mongolia). (So vart Tanita tom for skrivelyst, og Hanna tek over). Silje fortalde oss om sosialprosjektet som NLM driv her i Khovd med fire ulike hovudaktivitetar, blant anna skuleinternat og trening sosialarbeidarar. So fekk me lov til å delta på ein konkurranse i å pusle puslespel. Tomas, Jofrid og Hanna vann!

Høg konsentrasjon under puslinga

Intens kamp om seieren...

So fekk me fare til ein vanleg offentleg skule, der NLM er ein av organisasjonane som er med på å betre dei sosiale forholda til elevane. Me fekk treffe ein gjeng speidarar på skulen som lærte oss ein leik.

Vi i lag med speidarane

Leiking med speidarane på skulen

Etter lunsj køyrde me omlag ein halv time, på ein veldig hompete veg, til Boyant (eller noko sann) og fekk besøke eit skuleinternat der. Det var det veldig mange skjønne elevar, som var veldig nysgjerrige og kontaktsøkande. Me fekk sjå på levevilkåra deira, noko som i forhold til andre skular her var veldig bra, og so fekk me vere med på å spele og leike med dei. Det var rett og slett kjekt!

Me fekk lære oss to tradisjonelt mongolsk spel med brikker av knoklar. Dette var "hesteløp".

"Pip-pip-Waow-woaw" leiken slo godt ann blandt ungane... Her er Sverre på jakt

So kom me tilbake til Khovd i fem-tida og brukte resten av dagen slik me sjølv ville. Me skulle eigetleg på allidrett i kveld, men det vart avlyst ettersom gymsalen var opptatt pga. den store dagen i morgo; næmmeleg kvinnedagen. Kvinnedagen er visst veldig viktig her i Mongolia og alle butikkar er stengde og har fri for å pleie kvinnfolka, so det vert spennande å sjå kva gutane vil finne på for å herdre oss i morga. Me ventar i spenning….

 

Bilder frå skuleinternatet

Ein hærleg gjeng!

Tomas var populær blandt damene...

Agnete og Sigrun saman med jenter frå skuleinternatet

Tanita og Hanna saman med jenter frå skuleinternatet

Categories: Uncategorized | Kommenter innlegget

Bilder frå aktivitetane dei siste dagane i Khovd

Categories: Uncategorized | Éin kommentar

Svenskkurs för Hanna

Det har seg så att Hanna inte kan tala svenska, och heller inta skriva, som du kanske tittar. Men denna kvällern sitter Tomas och försöker att lära Hanna lite svenska. Det har gått väldigt bra som du kan titta. Jag, Hanna, har skrivit detta, och jag är jätte stolt! Tomas fattar inte så mycket, men jag bryr mig inte. Han har korrigerat mig lite, men jag gillar att skriva mera norska än svenska. Så mina meningar (=setning ) är inte så goda för att vera svensk. Jag har lärt mig många nya ord, och nu vil jag lära dig nogot.

Örngott = putetrekk
Sovsäck = Sovepose
Påslakan = dynetrekk
Stygg = dom, frekk
Snygt = fint
Glass = is
Glas = glas
Fönster = glas (hehe, vindu)

Ja, nu är det nog för idag, God natt och sov gott på din kudde!

Categories: Uncategorized | 2 kommentarar

Tysdag, dagen for å utforske den mongolske fjellheim(en)

Ja då er det gått endå ein dag her i Khovd. No sit Rikard, Sigrun, Agnete, Tanita og Hanna rundt bordet i ettåringsleiligheita og kjenner lukta av nystekt pizza breie seg i rommet. Denne kvelden er vel kanskje på grensa til å verte historisk ettersom denne heimelaga pizzaen er laga av mannfolk! Sondre, Ingvald, Rikard, Tomas, Anders og Sverre fekk oppdraget med å lage til kveldsmaten, medan jentene var på ei engelsk jentebibelgruppe hos Åshild. Der var me samla omlag 15 personar og studerte Matt 4, 1-11, som handlar om då Jesus blei freista i ørkenen.

Denne teksta passar eigentleg veldig godt her i Mongolia sidan det er eit veldig tørt klima; mykje støv og sand. Dette var noko me fekk oppleve på nært hald i dag, sidan me skulle bestige Geitefjellet som ligg rett utanfor Khovd. Dette fjellet er omlag 1857 moh, so det var ein særs lang tur. Det skal vel kanskje tilføyast at Khovd ligg på 1400 moh. so turen var kanskje ikkje so lang likevel. Men uansett so var det ein super kul tur! Fjellet var veldig steinete og bratt, so ein del klatring måtte det verte. Dette førte til at ein del av oss fann bornet i seg sjølv att, og vart meir eller mindre ivrige. Me var på tur i omlag fire timar, og ettersom me ikkje har gått i fjellet på ei stund, gledar me oss til å sjå på kor stive me er i morgon tidleg.

Men me gjorde litt før me stakk på fjellet. Me hadde ein lønnkammertime etter frukost, noko som var utruleg godt. Det vert lett mykje aktivitet og prat i løpet dagane, so det å få litt stille tid med Bibelen er veldig fint. Etter denne timen stakk me bort på utemarknaden, og det kan me vel seie var stort. Mange små boder/butikker tett i tett, der dei selg alt! Med meir eller mindre bra kvalitet. Me har funne oss eit nytt yndlingsdyr her i Mongolia, næmmeleg TIME(=Kamelen)! Den er veldig fin som genser og sokkar.

Categories: Uncategorized | 2 kommentarar

Velkommen til Khovd

Ja, då sit eg omringa av trøndersnakkande personar i leiligheita til Sondre Hugdal i Khovd. Klokka har nett passert midnatt, og halve gjengen har funne plassen i køya. Me kom hit til Khovd i går i ett tida. Me vart henta på flyplassen av Bjørn Olav Sørhus, Sondre, Terese og Anders. Dei skyssa oss rett til ei mongolsk gudtjeneste. Det var temmeleg uforståeleg, men veldig fint. Spesielt fint var den fine skikken dei har her i Khvod, der dei ber alle nye røyse seg, og so syng dei velsignelsen for dei. Dette gjorde dei for oss òg, og me fekk synge den norske velsignelsen for dei.

Då gudstjenesta var ferdig reiste me til NLM kontoret der me har basen vår denne veka. Det er rett og slett veldig fint her; to soverom, kjøkken, bad og sjølvsagt, eige treningsrom! Heilt topp! Klokka fem var me innvitert til middag hos familia Jonasmo som bur rett ved sidan av. Der fekk me servert ei slags svinesteik. Veit ikkje heilt kva eg skal kalle det, men det var uannsett veldig, veldig godt! So vart det volleyballspeling ute i hagen, i god varm sol. Det var knall kjekt, men endte dessverre med at Tomas klarte å knekke brillestanga si. Men alt kan fiksast med teip, so Tomas ser framleis.

Ut på kvelden so vart det Karaoke på heile gjengen, og me kan vel trygt seie at stemninga var SÆRS høg med både mongolsk og engelsk song!

I dag vakna med til den karakteristiske støv, surmelk, brende lukta som er her i Khovd. Etter ei lang natt med fyring frå dei mange gerane rundt om kring, var det tjukt med forureining. Men det er vist heilt normalt, og utover dagen so vart det litt beidre. Denne dagen var sett av til besøk på dei ulike helseprosjekta som NLM driv her i byen. Det er sjukt å sjå korleis folk lev, studerer og arbeider her, og å klage på noko i Noreg er faktisk meiningslaust! Me var innom eit fengsel og fekk høyre litt om arbeid som vert gjort der, og det var sterkt å høyre at ein av sjefane sjølv innrømte at det var dårleg levestandar der. Vidare såg me på ein helsestasjon/legesenter, og me kan trygt seie at grise-fjøset på Val vgs har beidre utstyr enn her. Heilt villt at det skal vere sann i 2012!

So hadde me litt fritid og jentene skulle finne butikkar. Det som me trudde var eit shoppingssenter viste seg å vere eit universitet. Litt språk problem er det altso her. Men på dette universitetet traff me to jenter som kunne engelsk og som viste oss veien til marknaden. Dei var kjempe hyggelege og ville gjerne hjelpe oss å finne kle. Men det er lettare sagt ein gjort. For me har funne ut at me ikkje er så veldig små her borte, so kleda passar ikkje heilt. Men medan jentene var her, tusla gutane rundt i byen og såg seg rundt.

Så var det duka til middag hos familia Sørhus, der me fekk servert spagetti og kjøttdeig. «Norsk» mat = nam! Og ikkje nok med det fekk me muffins til dessert! Då klokka var halv sju, sju stakk Sverre, Rikard, Sondre, Terese, Anders og Hanna til ein gymsal og spelte basket og volleyball. Hærleg å få bevege seg! Resten av gjengen kosa seg i leilegheita og spelte amrikaner.

So vart det kveldsmat og prat, før folk tusla til køys, og det skal vel siste resten også gjere snart.

Beklaga so mykje at me ikkje har noko bilete, men me får ikkje til å laste dei opp, men skal prøve å få det til seinare i veka.

Categories: Uncategorized | Éin kommentar

MONGOLIA, HER ER VI!!!

Ja, då har me endeleg fått losa oss inn på NLM sitt gjestehus her i UlaanBaatar, og det er rett og slett konge! Me kom fram hit i dag tre tida på dagen (lokal tid, dvs sju, åtte tida om morgonen heime i Noreg). Då hadde me vore på reise særs lenge, og hoppa over natta på veg til Kina, so me kan trygt seie at me mildt sagt var (og framleis er) trøytte! For når me satt oss på flyet frå Helsinki var kl 1700 og då me kom fram tin Kina var den 2400. Dette i norsk tid sjølvsagt, men sidan me må stille klokka når me er på reisefot, dukka det plutseleg opp frukost til oss på flyet. Klokka i Kina var då 0630. Dette førte rett og slett til forvirring blandt oss 🙂

Elles so tusla me rundt på den ok store flyplassen i Beijing, og det kan jo nemnast at denne flyplassen var bygt ny til OL i Kina i 2008, so det kan trygt seiast at det ikkje var småtterier me kom til. Endeleg framme i Beijing!!

So tok me fly vidare til UlaanBaatar og den turen tok omlag 2-3 timar, der heile gjengen låg med halv opne munnar og snorka søtt. Skal nå seiast at dette flyet gjekk midt på dagen, så resten av passasjerande var lys vakne. Det var ikkje så særleg vanskeleg å sjå kven som var turistar for å seie det slik.

Litt tidsfordriving på flyplassen, med ein del forbipasserande som smilte og lo ....

So kom me fram til UlaanBaatar, ei nokså stor by, med MYKJE forureining. Den ligge fint til i eit steppelandskap, men det ruvna nokre fjell i bakgrunnen. Her blei me møtt av misjonærfamilia Hugdal og me fekk kome heim til dei og ete graut (!!). Ein fantastisk god norsk graut! Det var konge!UlaanBaatar

So var det å kjøyre opp hit eg sit i skrivande stund, og losje oss inn. Og me må berre fortelje om den utrulege bilturen me hadde. For trafikken her er heilt VILL!!! Her er  noken reglar, men det verkar som om ingen brukar dei, og folk tuta og kjøyre på, og tenke berre på seg sjølv. Og om rattet er på høgre eller venstre side er visst ikkje so nøye. Me opplevde også at folk kræsja rett foran oss, og at bilførarane byrja å slost, so her er det rett og slett villt! ( Eller gildt, som Rikard sa! )

Me har eigentleg berre chilla i stova og venta på at klokka skal nærme seg 2100, sann at me kan legge oss og sove ut. Skal nå seiast at noken av oss ( Sverre og Tomas) har tatt seg ein smakebit på dette allereide. Me har jo òg fått tatt oss ein etterlengta dusj, noko som me alle trengte. Og det var særs godt, sjølv om varme vatnet kom og gjekk som det ville. No har me nettopp ete kvelds, og me er alle på tur i køya.

Categories: Uncategorized | 3 kommentarar

Opplading til Mongoliatur 2012

Ja, i dag er det laurdag 4. februar, og me tek akkurat no ein telefon til Anne Christine. Ho sit no på flyet, klar til avgang om 10 min, saman med dei andre 36 spente elevane som i dag vender nasa si mot Bolivia. Igjen her på Fjellheim sit me 10 elevar (eigentleg 12, men to er jo ikkje her ) og er veldig klar for fire veker på Kortkurs, og for so er me ein super gjeng som reise til MONGOLIA (og Kina) om cirka akurat 27. dagar! Det vert rett og slett bra! Men fyrst av alt skal me lade opp på kortkurs, og det skal verte mykje bra undervisning, nye folk, «roliga aktivitetur», rangling, speling, +++

Foresten, so har me ein eigen Kortkurs blogg, der me verkeleg skal oppdattere dykk på kva som skjer bak kulissane på Fjellheim.  CHECK IT OUT!!  http://kortkursbloggen.wordpress.com/

Categories: Uncategorized | Éin kommentar

Blogg på WordPress.com.