Tysdag, dagen for å utforske den mongolske fjellheim(en)

Ja då er det gått endå ein dag her i Khovd. No sit Rikard, Sigrun, Agnete, Tanita og Hanna rundt bordet i ettåringsleiligheita og kjenner lukta av nystekt pizza breie seg i rommet. Denne kvelden er vel kanskje på grensa til å verte historisk ettersom denne heimelaga pizzaen er laga av mannfolk! Sondre, Ingvald, Rikard, Tomas, Anders og Sverre fekk oppdraget med å lage til kveldsmaten, medan jentene var på ei engelsk jentebibelgruppe hos Åshild. Der var me samla omlag 15 personar og studerte Matt 4, 1-11, som handlar om då Jesus blei freista i ørkenen.

Denne teksta passar eigentleg veldig godt her i Mongolia sidan det er eit veldig tørt klima; mykje støv og sand. Dette var noko me fekk oppleve på nært hald i dag, sidan me skulle bestige Geitefjellet som ligg rett utanfor Khovd. Dette fjellet er omlag 1857 moh, so det var ein særs lang tur. Det skal vel kanskje tilføyast at Khovd ligg på 1400 moh. so turen var kanskje ikkje so lang likevel. Men uansett so var det ein super kul tur! Fjellet var veldig steinete og bratt, so ein del klatring måtte det verte. Dette førte til at ein del av oss fann bornet i seg sjølv att, og vart meir eller mindre ivrige. Me var på tur i omlag fire timar, og ettersom me ikkje har gått i fjellet på ei stund, gledar me oss til å sjå på kor stive me er i morgon tidleg.

Men me gjorde litt før me stakk på fjellet. Me hadde ein lønnkammertime etter frukost, noko som var utruleg godt. Det vert lett mykje aktivitet og prat i løpet dagane, so det å få litt stille tid med Bibelen er veldig fint. Etter denne timen stakk me bort på utemarknaden, og det kan me vel seie var stort. Mange små boder/butikker tett i tett, der dei selg alt! Med meir eller mindre bra kvalitet. Me har funne oss eit nytt yndlingsdyr her i Mongolia, næmmeleg TIME(=Kamelen)! Den er veldig fin som genser og sokkar.

Categories: Uncategorized | 2 kommentarar

Innleggsnavigasjon

2 thoughts on “Tysdag, dagen for å utforske den mongolske fjellheim(en)

  1. Alise

    Bra med oppdateringar ofte, fortsett med det! =)
    Ikkje noko spenstig mongolsk mat enno? Jofrid må jo få utfordre smakslaukane litt.. ho gler seg slik til melketeen 😉
    Fjellheim er tomt no, utan dykk.. men de må kose dykk enormt! 😀

    • Det ska me gjere 🙂 me he prøvd litt spesiell mat, men ikkje noke særleg .. litt sann hestemelk som me måtte prøve oss på, og det e litt merkeleg pålegg her 😛 Jofrid har vore veldig flink til no (ikkje det at det he vore noke store utfordrigar til no =! 🙂 Me skal gjere det 😀

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

Blogg på WordPress.com.

%d bloggarar likar dette: