Ja, då sit eg omringa av trøndersnakkande personar i leiligheita til Sondre Hugdal i Khovd. Klokka har nett passert midnatt, og halve gjengen har funne plassen i køya. Me kom hit til Khovd i går i ett tida. Me vart henta på flyplassen av Bjørn Olav Sørhus, Sondre, Terese og Anders. Dei skyssa oss rett til ei mongolsk gudtjeneste. Det var temmeleg uforståeleg, men veldig fint. Spesielt fint var den fine skikken dei har her i Khvod, der dei ber alle nye røyse seg, og so syng dei velsignelsen for dei. Dette gjorde dei for oss òg, og me fekk synge den norske velsignelsen for dei.
Då gudstjenesta var ferdig reiste me til NLM kontoret der me har basen vår denne veka. Det er rett og slett veldig fint her; to soverom, kjøkken, bad og sjølvsagt, eige treningsrom! Heilt topp! Klokka fem var me innvitert til middag hos familia Jonasmo som bur rett ved sidan av. Der fekk me servert ei slags svinesteik. Veit ikkje heilt kva eg skal kalle det, men det var uannsett veldig, veldig godt! So vart det volleyballspeling ute i hagen, i god varm sol. Det var knall kjekt, men endte dessverre med at Tomas klarte å knekke brillestanga si. Men alt kan fiksast med teip, so Tomas ser framleis.
Ut på kvelden so vart det Karaoke på heile gjengen, og me kan vel trygt seie at stemninga var SÆRS høg med både mongolsk og engelsk song!
I dag vakna med til den karakteristiske støv, surmelk, brende lukta som er her i Khovd. Etter ei lang natt med fyring frå dei mange gerane rundt om kring, var det tjukt med forureining. Men det er vist heilt normalt, og utover dagen so vart det litt beidre. Denne dagen var sett av til besøk på dei ulike helseprosjekta som NLM driv her i byen. Det er sjukt å sjå korleis folk lev, studerer og arbeider her, og å klage på noko i Noreg er faktisk meiningslaust! Me var innom eit fengsel og fekk høyre litt om arbeid som vert gjort der, og det var sterkt å høyre at ein av sjefane sjølv innrømte at det var dårleg levestandar der. Vidare såg me på ein helsestasjon/legesenter, og me kan trygt seie at grise-fjøset på Val vgs har beidre utstyr enn her. Heilt villt at det skal vere sann i 2012!
So hadde me litt fritid og jentene skulle finne butikkar. Det som me trudde var eit shoppingssenter viste seg å vere eit universitet. Litt språk problem er det altso her. Men på dette universitetet traff me to jenter som kunne engelsk og som viste oss veien til marknaden. Dei var kjempe hyggelege og ville gjerne hjelpe oss å finne kle. Men det er lettare sagt ein gjort. For me har funne ut at me ikkje er så veldig små her borte, so kleda passar ikkje heilt. Men medan jentene var her, tusla gutane rundt i byen og såg seg rundt.
Så var det duka til middag hos familia Sørhus, der me fekk servert spagetti og kjøttdeig. «Norsk» mat = nam! Og ikkje nok med det fekk me muffins til dessert! Då klokka var halv sju, sju stakk Sverre, Rikard, Sondre, Terese, Anders og Hanna til ein gymsal og spelte basket og volleyball. Hærleg å få bevege seg! Resten av gjengen kosa seg i leilegheita og spelte amrikaner.
So vart det kveldsmat og prat, før folk tusla til køys, og det skal vel siste resten også gjere snart.
Beklaga so mykje at me ikkje har noko bilete, men me får ikkje til å laste dei opp, men skal prøve å få det til seinare i veka.
I siste nummer av Tidsskrift for den norske Legeforening står en spennende artikkel av Målfrid Holmaas Bjørgaas: Kreft og lindrende behandling i Mongolia. Tidsskr Nor Legeforen nr 5; 2012; 132, 546-8. Internett: http://tidsskriftet.no/article/2224694. Artikkelen omhandler kreftbehandling i Khovd i regi av Norsk Luthersk Misjonssamband.